Marte Spurkland, portrett
Marte Spurkland ble for boka Klassen nominert til Brageprisen i kategorien sakprosa.
Marte Spurkland, portrett
Av /Samfoto, NTB.
Klassen, bokomslag
CappelenDamm.

Marte Spurkland er ein prisvinnande norsk sakprosaforfattar, journalist og filmprodusent.

Bakgrunn

Spurkland har bakgrunn som journalist, og har jobba som journalist og programleiar i NRK, DN, VG og for tida for TV2. Blant programma ho er kjend frå, er Boktilsynet (NRK) og Helsekontrollen (TV 2).

Forfattarskap

I 2005 debuterte ho som sakprosaforfattar, med Førstedamer – en dannelsesreise i kvinneliv. Forfattaren har skildra prosjektet som ei leiting etter kvinnelege førebilde. Meldaren i Morgenbladet skreiv om boka at ho burde «slå an tonen for en kanon av kvinnelivsamlinger, til inspirasjon for hver og en av oss, til å ta personlig ansvar for de viktige, eksistensielle kvinnevalgene, som aldri kan erstattes av generelle paroler.» Også Spurklands andre bok skildrar ei sterk kvinne. Denne gongen er det ei sterk ung russisk kvinne som ville ut av Russland og som etter kvart møtte ein norsk odelsgut.

Klassen

I Klassen. Fortellinger fra et skoleår følgde Spurkland sju ungdommar og læraren deira på ein vidaregåande skule i Oslo. Teksten er basert på intervju med ungdommane, og skildrar utfordringane som elevar møter i kvardagen. I fråsegna frå juryen til Bokhandlerprisen 2017 skrytte Espen Søbye av at Spurkland skildra læraren som ein helt og elevane «med bortoverblikk, som likeverdige deg og meg».

Pappas runer

Boka Pappas runer begynner med denne samtala mellom far og dotter: «Så kan du fortelle at jeg gikk til deg for å få støtte, og at du sa: Han må få runesten. Og moren din ble fortvilet. Men så tenkte hun seg om, og så sa hun: Du skal få runestein hvis du skaffer deg mobiltelefon. Kan du ikke starte der?/ Jeg nikker. Jo da. Klart jeg kan.»

Samtala viser eit par viktige trekk ved boka: Ho er personleg, forfattaren viser metoden sin og er heilt open om kjeldearbeidet, det inkluderer altså også kjeldearbeidet som ein del av forteljinga. Pappas runer frå 2019 blei eit særs personleg portrett av Terje Spurkland, og ein historisk gjennomgang av det norske skriftspråket. Fordi Terje Spurkland senior var runolog, kan dei to sidene ved boka vere ei og same sak. Boka blir omtalt av Morgenbladets meldar Trond Berg Eriksen som "en runestein om sammenhengen mellom liv og død, mellom tegnenes dans og menneskespråkets ukuelige vilje til mening."

Spurkland har ein nær, forteljande – men samstundes etterretteleg – stil. Kjeldemessig er boka forma av tilgangen til eit unikt materiale, og det å vere skriven i ei prekær tid: Marte Spurkland begynte boka då faren fekk påvist hjernesvulst. Medan faren fekk behandling for kreften, jobba dei i lag med boka. Terje Spurkland døydde av kreften før boka blei heilt ferdig. Boka blei både eit minneskrift, og ei bok om minneskrifter.

Forteljingar som kjennest både autentiske og velresearcha er er kvalitetar som kjenneteiknar Spurklands bøker.

Utgivingar

  • 2019: Pappas runer, sakprosa, Cappelen Damm
  • 2017: Klassen. Fortellinger fra et skoleår, sakprosa, Cappelen Damm
  • 2007: Skjebnereisen: En norsk-russisk kjærlighetshistorie, sakprosa, Damm
  • 2007: Sorg, diktantologi, redaktør, Humanist forlag
  • 2007: Kjærlighet, diktantologi, redaktør, Humanist forlag
  • 2005: Førstedamer – en dannelsesreise i kvinneliv, sakprosa, Aschehoug

Eksterne lenker

Prisar

  • Bokhandelens sakprosapris 2017
  • Riksmålsforbundets lytterpris 2015

Litteratur

  • Morgenbladet 14/10 2005

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg