Faktaboks

Marte Elverum
Fødd
29. oktober 1990, Stjørdal
Marte Elverum
Marte Elverum underveis i et knebøy under NM i styrkeløft, 2018.
Marte Elverum
Av /NTB Scanpix.

Marte Elverum er ein norsk styrkeløftar. Ho har vunne fire kongepokalar, har fleire internasjonale titlar og vart i 2017 kåra til beste løftar i Europa. Elverum er verdsrekordhaldar i markløft med 250 kilo. Ho representerer Kraftsportklubben av 1967 (KK-67) i Trondheim.

Merittar

  • Kongepokal i 2014, 2015, 2017 og 2018
  • To VM-gull for junior i 2013
  • VM-sølv samanlagt i 2017, 2019 og 2021
  • VM-gull i markløft i 2018 og 2019
  • EM-gull samanlagt i 2014, 2016, 2017 og 2022
  • Beste løftar i Europa i 2017

Karriere

Det var tidleg klart at Marte Elverum var eit talent, då ho allereie i debuten som styrkeløftar vann ungdomsklassen under den midtnorske meisterskapen i benkpress i 2008. Sidan har ho vore å rekne med i toppen av resultatlistene, og i 2011 fekk ho eit internasjonalt gjennombrot med bronse i junior-EM og sølv i junior-VM.

Elverum vart i 2013 dobbelt verdsmeister for juniorar. I juni tok ho først gull under junior-VM i klassisk styrkeløft, og to månadar seinare gjekk ho til topps i det ordinære junior-VM med utstyr. Året etter tok ho som senior sitt første av tre EM-gull i open klasse samanlagt. Ho vart europameister også i 2016 og 2017.

23 år gammal tok Elverum sin første kongepokal under NM i 2014. Det var den første av fire kongepokalar. Seinare tok ho kongepokalen i 2015, 2017 og 2018.

Elverum vart i 2017 kåra til den beste løftaren i Europa. Det same året tok ho sølv under VM, og ho følgde opp med ny sølvmedalje under VM i 2019 og 2021. Ho er dessutan verdsrekordhaldar i markløft med 250 kilo, sett under EM i styrkeløft våren 2022.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg