Breen held fram med å skrive om kvinnekamp, men no tar forfattarskapen ei historisk vending med 60 damer du skulle ha møtt. Norsk kvinnehistorie for deg som har det travelt (2016). Boka har teikneserieform, og er laga i samarbeid med Jenny Jordahl. Utgangspunktet er at dei to kvinnene undrar seg over korleis menn dominerer på alle område i samfunnet, frå gatenamn til kulturlivet. Kvinnene har derfor laga si eiga historiebok om kvinner som har utmerkt seg på svært ulike felt, som blant anna krigsreporter, prest, ostegründer.
I den vesle boka Kvinnekamp. Foreningen Skuld: Norges første bøllekurs (2018) gir Breen ei innføring i korleis den første norske kvinnesaksforeninga, Skuld, blir danna. Boka er rikt illustrert, blant anna med portrett av kvinnene som tok del i prosjektet med å skaffe kvinner rett til å utdanne seg, og med å oppnå stemmerett for kvinner.
Sitt internasjonale gjennombrot hadde Breen i 2018 med Kvinner i kamp. 150 års kamp for frihet, likhet, søsterskap!, som i teikneserieform trekker opp sentrale fakta i den internasjonale kvinnekamphistoria. Jenny Jordahl står for illustrasjonane. Kulturdepartementet heidra skaparane med fagbokprisen for ungdom. Boka er omsett til over 20 språk.
I essaysamlinga Om muser og menn (2019) spør Marta Breen om «kvinnerommet er en konstant størrelse. En boks som stadig snevres inn fra nye kanter.» Gjennom 22 essay ser ho på sine eigne behov for å ha eit eige rom, og går gjennom skriftene til ei rekke forfattarar som har gitt uttrykk for det same behovet, frå Simone de Beauvoir til Marie Takvam og Märtha Tikkanen. Ho konkluderer med at kvinnene har fått eit betraktelig større handlingsrom gjennom det siste hundreåret, men irriterer seg også over at kvinner framleis kan oppleve at vilt framande menn ber om å få eit smil.
I 2020 kom Hvordan bli (en skandinavisk) feminist. 20 veier til mer likestilling på jobben, i livet og i kjærligheten. Blant desse vegane hører det å vere radikal, halde på namnet sitt, og å sleppe mannen fri. Boka er krydra med sitat frå kjende feministar, som professor Berit Ås: «Hvis du ikke er forut for din tid, kommer den aldri.», «Det går an å forandre verden. Vi har gjort det før, og vi kan gjøre det igjen.» (forfattar Gerd Brantenberg) og «En mannlig feminist er en av evolusjonens ypperste sluttprodukter.» (britisk forfattar Caitlin Moran).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.