Maron er eit mannsnamn som truleg er avleidd med suffikset -on av kvinnenamn på Mar-. Tilsvarande er mannsnamnet Bergeton avleidd med -on av kvinnenamnet Berget.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Arnold Maron Strøm fødd 1900 i Bergen. Mor til Maron heitte Marie, og det nye namnet Maron kan ha vorte laga med utgangspunkt i Marie.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Maron som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg