Faktaboks

Markus Wolf

Mischa Wolf

Fødd
19. januar 1923, Hechlingen
Død
9. november 2006, Berlin
Markus Wolf, 1989
Bundesarchiv, Bild 183-1989-1104-040 / Link, Hubert.
Lisens: CC BY SA 3.0

Markus Wolf var ein tysk politikar, leiar for DDRs utanlandsspionasje. Før 1979 fanst det ingen bilete av han i Vesten. Vestleg presse omtalte han difor som mannen utan ansikt.

Bakgrunn

Markus Wolf var son av legen og forfattaren Friedrich Wolf og Eva Dreibholz. Filmskaparen Konrad Wolf var hans yngre bror. Før 1933 var familien busett i Stuttgart. Friedrich Wolf var kommunist og hadde jødisk bakgrunn. Då Adolf Hitler kom til makta i Tyskland i 1933, rømte familien frå landet og slo seg etter kvart ned i Moskva. Markus Wolf var elev på Komintern-skulen. Våren 1945 reiste han til Berlin.

Etter 1945

Wolf var journalist og redaktør i radiokanalen Berliner Rundfunk under pseudonymet Michael Storm før han i 1949 reiste til Moskva som diplomat for DDR. I 1951 vende Wolf tilbake til Berlin der han var med på å grunnleggje Institut für wirtschaftswissenschaftliche Forschung, som var eit skalkeskjul for DDRs utanlandsspionasje.

Spionsjef

Markus Wolf vart øvste sjef for DDRs utanlandsspionasje i 1952. Han vart verande i stillinga fram til han gjekk av med pensjon i 1986. Utanlandsspionasjen var ei underavdeling av Stasi. Hovudoppgåva var spionasje innanfor politikk, militærvesen, næringsliv og teknologi. Spionasjen var i all hovudsak retta mot Vest-Tyskland og Vest-Berlin. DDRs utanlandsspionasje hadde eit stort agentnettverk i vest og vert rekna som ei særs effektiv spionteneste. Organisasjonen hadde eit omfattande samarbeid med det sovjetiske KGB og dei andre etterretningstenestene innanfor Warszawapakta.

Livet vidare

Markus Wolf pensjonerte seg i 1986. 4. november 1989 heldt han ein tale under den store demonstrasjonen på Alexanderplatz i Aust-Berlin. I talen tok han til orde for reformer. Han rømte til Moskva etter at Berlinmuren fall i 1989, men vende tilbake til Tyskland i 1991. I 1993 vart han dømd til seks års fengsel for landssvik og korrupsjon. Wolf var 70 år gamal då dommen fall og slapp difor å sone.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg