Marita

Artikkelstart

Marita er eit kvinnenamn som kan forklarast på fleire måtar: 1. Eldre form av Margareta (frå 1400-talet). 2. Ei a-utviding av Marit. 3. Spansk og italiensk kjæleform av Maria.

På 1900-talet har Marita vore mest brukt i Nord-Noreg, særleg Finnmark. Dit kan det ha komme som følgje av påverknad frå Finland der Marita er brukt omtrent fem gonger så mykje som i Noreg.

Namnet har fleire variantar: Maritha, Maritta, Marita.

Namnedag er 27. juli. Rita har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Marita

Eit utval personar med namnet Marita, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 4500 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Marita som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg