Marit Tusvik

Faktaboks

Marit Tusvik
Født
13. mars 1951, Høyanger, Vestland
Marit Tusvik
Marit Tusvik er ein stilsikker forfattar med stor variasjon i tema og sjangrar. Ho har skrive drama, romanar, poesi og bøker for barn, og ho skriv både på nynorsk og bokmål.
Av /Forlaget Oktober.

Artikkelstart

Marit Tusvik er ein norsk forfattar. Ho er ein stilsikker forfattar med stor variasjon i tema og sjangrar, og har skrive drama, romanar, poesi og bøker for barn. Stykka hennar er oppførte ved fleire norske og utanlandske teater.

Tusvik er fødd i Høyanger i Sogn. Etter examen artium ved Sandefjord Gymnas gjekk ho Nansenskolens vinterkurs i 1971, og like etter var ho hospitant ved Basel Kunstgewerbeschule i Sveits, samtidig som ho arbeidde ved brannskadeavdelinga ved Basel Bürgerspital. Åra 1972–1974 budde ho i Tunisia.

Marit Tusvik gjekk på Westerdals reklameskole i Oslo i 1981–1983. Ho teiknar og har arbeidd med grafisk design, og ho har illustrert nokre av bøkene sine.

I byrjinga av forfattarkarrieren hadde ho mange ulike jobbar, til ho blei forfattar på heiltid. Ho har arbeidd i internasjonale bedrifter for Manpower og har omsett scenestykke frå fransk for Det Norske Teatret og Nationaltheatret.

Marit Tusvik debuterte med Reisa til mandarinlandet i 1979 og har skrive drama, romanar, poesi og bøker for barn. Ho skriv både nynorsk og bokmål og vekslar mellom dei to målformene i alle sjangrar.

For skodespelet Mugg fekk Tusvik Ibsenprisen 1991. Stykket er omsett til tysk, fransk, russisk, tsjekkisk og ungarsk og er mellom anna sett opp i Praha og Budapest. Skodespela Mugg (1990) og Etter William (1993) er begge filma for fjernsyn.

Forfattarskapen

Mangfaldig persongalleri i dramatikken

Persongalleriet i dramatikken er rik og variert. I scenedebuten Mugg (urpremiere på Den Nationale Scene i Bergen i 1991) handlar det om to kvinner i sekstiåra som er på pakkereise saman til Moskva. I Etter William 1993 (urpremiere same hausten ved Intimteatret på prøvesalen til Det Norske Teatret i Oslo og på Den Nationale Scene i Bergen) møtest tre gamle bridgekameratar for første gong etter at fjerdemann er død og ein ny spelar skal ta plassen hans. I Alle vakre jenters hambo 1994 (urpremiere ved Den Nationale Scene i Bergen 1994) er tre unge kvinner på hyttetur og snakkar om det dei har felles: utanlandske kjærastar. I Angerhøy 2005 (urpremiere på Scene 2, Det Norske Teatret i Oslo i oktober 2005) møter vi folket i ein avblomstra industriby på Vestlandet.

Form og skrivestil

Marit Tusvik skriv friskt og upretensiøst om store spørsmål. Ho hentar inn det uhøyrde og uskrivne, det som ligg og dirrar mellom orda, og tonen er ofte sorgmunter. Ho dveler ved det vesle, snur på stoffet og lyfter det fram i nye vinklar.

Romanane er formsikre og mangstemte, vittige og såre på same tid, og dei er blitt svært godt mottekne av kritikarar og lesarar. Forfattaren forskar i ulike mellommenneskelege forhold. I romanen Ishuset (1991) går ho inn i sinnet til eit sårbart og musikalsk barn, og den samstundes vare, nøkterne og humoristiske stilen gjer boka spesiell. Bell (1995) er ein oppvekstroman i fin balanse mellom humor og alvor, der ei yngre og ei litt eldre kvinne fortel sine ulike versjonar av eit tett forhold. Stille og fint (2002) er ein elegant kunstnarroman om tapt kjærleik, lengt og sjalusi. Deilig er jorden (2009) er ei reise i tid og liv og ei barndomsskildring, der hovudpersonen er på sporet av si eiga tapte tid. I hans armar (2017) handlar om kjærleik som snur og utforskar grensene mellom forelsking og nedbryting.

I fleire av bøkene er kulturskilnader mellom kjønn og kulturar underliggjande konflikttema. I debutboka Reisa til mandarinlandet (1979) skildrar Tusvik norsk og nordafrikansk miljø i dikt og prosa. I ørkenromanen Nord (1999) er norsk vestland og arabisk miljø vovne saman. Fleur (2014) er ei kjærleikshistorie og ei forteljing om ei norsk jente sitt møte med nordafrikansk kultur.

Stoff og sjanger

Det er eit tett forhold mellom stoff og sjanger i Tusvik sine bøker. For kvar bok leitar forfattaren etter det rette uttrykket for nett dette stoffet, og resultatet er originale og personlege sjangervariantar. Sigrid Finne (2007) er eit morsportrett og ei krigshistorie der skriveprosessen er innarbeidd som ein handlingstråd. Dottera vil skrive ned det siste mora fortalde før ho døydde, og reiser bort for å få dette til, først til Island, så til Sicilia, og så heim att – før ho greier det. Dette metagrepet skaper stemning og forventning og gjer komposisjonen elegant og original.

26 små romanar (2011) er ei kortprosasamling som utfordrar sjangeromgrepa. Boka innheld 26 forteljingar og eigne illustrasjonar.

Fabulerande dikt og bøker for barn er eit anna særmerke. Ho har skrive ei rekkje bøker for barn, dei fleste med eigne illustrasjonar. Ho har også skrive diktsamlingar for barn, i tillegg til diktsamlingar for vaksne.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie. Vår egen tid 1980–1998, bd. 3. Oslo 1998

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg