Faktaboks

Marit Ihle
Fødd
11. desember 1954, Hordaland (no Vestland)
Død
13. september 2010
Marit Ihle.
Av /Cappelen Damm.

Marit Ihle var forfattar og skreiv oppvekstromanar og barnebøker om å vere tru mot eigen identitet.

Bakgrunn

Marit Ihle var fødd i Hordaland (no Vestland). Ihle hadde utdanning og yrkeserfaring som førskulelærar, men utdanna seg seinare ved Skrivekunstakademiet i Hordaland (1991) og tok forfattarstudiet i Bø (1992).

Forfattarskapen

Ihle debuterte i 1995 med romanen Minnebok og barneboka Dyneprinsen. Ho gav til saman ut to romanar og tre barnebøker, alle på nynorsk. Forfattarskapen hennar er prega av oppveksten i ein religiøs familie, og karakterane i bøkene strevar ofte med moralske spørsmål og eigen identitet. Språket har mange poetiske vendingar, er fløymande og har ei laus form, er tidvis oppstykka, men gir meining.

Minnebok har barnet sitt perspektiv, noko som kjem til uttrykk gjennom den springande tankestraumen. Nikkelhjarte (1997) er eit frittståande framhald av den første romanen. Hovudpersonen har kome i ungdomstida, har mist mor si og har eit ambivalent forhold til ein strengt religiøs far. Ungdomsforvirring kring eigen identitet står sentralt, samstundes som livsglede tilfører romanen energi. Begge romanane er personlege og delvis sjølvbiografiske.

Dyneprinsen er eit eventyr om å få vere seg sjølv og om å setje evner framfor status. Kongen som var redd for lyset (2004) handlar om å vere lysredd i staden for mørkredd, ei eventyrforteljing om å verdsetje kjensler. Den siste boka Ihle gav ut, var barneboka Nesten i himmelen (2009), som tematiserer høgdeskrekk.

Bibliografi

  • Minnebok (Roman, 1995)
  • Dyneprinsen (Barnebok, 1995)
  • Nikkelhjarte (Roman, 1997)
  • Kongen som var redd for lyset (Barnebok, 2004)
  • Nesten i himmelen (Barnebok, 2009)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Marit Ihle
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000002686962

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg