Marianne Clementine Håheim

Faktaboks

Marianne Clementine Håheim
Født
21. august 1987, Jølster, Vestland
Av /Forlaget Oktober.

Artikkelstart

Marianne Clementine Håheim er forfattar, skriv både lyrikk og prosa, og har markert seg med friskt, modig språk og personlege tema.

Bakgrunn

Marianne Clementine Håheim er fødd i Jølster (no Sunnfjord) i Sogn og Fjordane (no Vestland). Håheim gjekk på Skrivekunstlinja ved Åsane folkehøgskole i 2006–2007 og har bachelorgrad både i litteratur frå Universitetet i Bergen 2007–2010 og i studiet Tekst og skribent ved Westerdals Oslo ACT (no Høyskolen Kristiania) 2011–2014. Ho har tidlegare vore medierådgivar for Press, Redd Barna sin ungdomsorganisasjon.

Forfattarskapen

Håheim debuterte med lyrikksamlinga Bilydar i 2012 og kom med den første romanen sin, Svart belte, i 2015. Forfattarskapen er prega av eit enkelt og kraftfullt språk, som samstundes er oppfinnsamt, stilsikkert og modig, springande og poetisk. Temaa krinsar rundt nære personlege erfaringar og utfordringar.

Dikta i Bilydar formidlar ulike kjærleikshistorier og vekslar mellom det såre og personlege, sjølvironi og komikk, ungdomleg livsglede og djupe, underfundige tankar. Tekstane fangar augneblinken, er direkte og tankevekkjande.

Kortprosaromanen Svart belte er sjølvbiografisk og fortel detaljert og brutalt ærleg om anoreksi. Eteforstyrringar, desperate handlingar og kompliserte tankar om kropp pregar livet til den unge hovudpersonen. Rike skildringar av natur, kropp og tankerekkjer sklir over i kvarandre. Forfattaren tematiserer skam, sjølvforakt og einsemd.

Utmerkingar

Håheim fekk i 2017 tildelt Bjørnsonstipendet. Same år fekk ho Kulturrådet sitt arbeidsstipend for yngre, nyetablerte kunstnarar.

Bibliografi

  • Plikt (Roman, Forlaget Oktober, 2021)
  • Svart Belte (Roman, Forlaget Oktober, 2015)
  • Bilydar (Lyrikk, Forlaget Oktober, 2012)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg