Marianne Aasen

Faktaboks

Marianne Aasen
tidl. gift Agdestein
Født
21. februar 1967, Bergen, Vestland
Oppvaksen i Moss, Viken
Stortinget.

Artikkelstart

Marianne Aasen er statsvitar, politikar og direktør for Simula School of Research and Innovation (Simulaskolen). Aasen var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus i 2005–2017 og leiar av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i perioden 2009–2013.

Bakgrunn

Marianne Aasen (tidlegare Aasen Agdestein) er fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland) og voks opp i Moss i Østfold (no Viken). Ho har examen artium frå Malakoff videregående skole i 1986 og tok hovudfag i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1993, med faga historie, sosialøkonomi og statsvitskap.

Aasen arbeidde deltid som postfunksjonær ved Gamlebyen postkontor i 1987–1990, deretter som journalist i Arbeiderbladet i 1991–1993 og i Avisenes Nyhetsbyrå i 1993–1995. Ho var informasjonssjef i Europabevegelsen i 1998–2000, og etter tida på Stortinget tok Aasen til som direktør for Simula School of Research and Innovation (Simulaskolen).

Politisk karriere

Aasen var medlem i styret i St. Hanshaugen Arbeidarparti i 1995–1997. Ho var leiar av Asker Arbeidarparti i 2003–2004 og styremedlem frå 2004. Aasen var politisk rådgivar i stortingsgruppa til Arbeidarpartiet i 1995–1996 og 2001–2005, samt politisk rådgivar i kommunal- og regionaldepartementet i 2000–2001 i regjeringa Stoltenberg I. Ho var innvald stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus i 2005–2017, og var i 2009–2013 leiar av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.

Andre verv

Aasen var leiar av Europabevegelsen i Asker 2003–2004, medlem av styret for Asker og Bærum Taxi 2006–2009 og medlem av styret for Fossumkollektivet frå 2008.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg