Mariann er eit kvinnenamn som kan vere e-laus form av Marianne.

I fransk (og svensk) uttale av Marianne høyrest ikkje -[e] i utlyd, og stavemåten Mariann kan spegle av uttalen i fransk (og svensk).

Namnet har fleire variantar: Marian, Mariane, Mariann, Marianna, Marianne.

Namnedag er 21. november. Marianne har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Mariann

Eit utval personar med namnet Mariann, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 159 kvinner i Noreg som hadde Mariann som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Både Marianne og Mariann byrja på eit oppsving i 1940-åra, og begge nådde toppen i 1965–1969. Marianne kan forklarast som eit fransk namn, men kurveprofilen til Marianne stemmer ikkje med dei franske namna, for dei hadde toppfasen innanfor tidsrommet 1975–2009. Ut frå dette kan det vere vel så rimeleg å sjå på Marianne og Mariann som norske namn samansett av Mari og Ann(e), for samansette norske kvinnenamn var mest brukte innanfor perioden 1920–1949. Sidan år 1900 har Marianne vore brukt nesten seks gongar meir enn Mariann.

Utvikling i bruk av namnet Mariann frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Mariann frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg