Faktaboks

Margreth Olin
Margreth Olin Mykløen
Fødd
16. april 1970, Stranda, Møre og Romsdal
Margreth Olin
Filmregissør Margreth Olin

Margreth Olin er ein norsk filmskapar. I filmane sine går ho tett innpå enkeltmenneske og provoserer og inviterer til debatt. Gjennombrotet i karrieren hennar kom med den sjølvbiografiske filmen Kroppen min i 2002.

Bakgrunn

Margreth Olin er fødd i Stranda kommune i Møre og Romsdal. Ho har grunnfag i medium og massekommunikasjon frå Universitetet i Bergen (1990). I tillegg til at ho har gått på linje for medium og journalistikk (1992), og linje for TV-journalistikk og dokumentarfilm (1994) ved Høgskulen i Volda.

Filmarbeid

Eksamensfilmen I kjærleikens hus frå 1994 blei filmskapardebuten for Olin. To år seinare kom dokumentaren Onkel Reidar (1997), medan den første langfilmen hennar var Dei mjuke hendene (1998). Olin slo for alvor igjennom med Kroppen min i 2002. Sidan har ho laga filmar som alle kommenterer ulike sider ved den norske samtida, til dømes om grådigskap, skuleverk, rusomsorg og asylpolitikk. I 1995 starta ho filmselskapet Speranza Film – speranza tyder håp.

Olin brukar forteljarrøysta aktivt i filmane sine, noko som forankrar filmane og gjer dei meir personlege. Denne røysta er både poetisk forteljande og ofte politisk.

Gjennombrot

Gjennombrotsfilmen Kroppen min (2002) er eit nakent sjølvportrett der Olin stiller spørsmål ved kva, eller kven, som er med på å skape sjølvbiletet kvinner har. Filmen er ei analytisk reise tilbake til barne- og ungdomsåra i eit forsøk på å nyste opp i kvifor sjølvbiletet hennar er blitt som det er. Filmen stiller òg spørsmål ved kva den kroppsfikserte tidsalderen vi lever i, gjer med dei som ikkje oppfyller idealmåla.

Kroppen min er ein dempa, men bitande kritikk av den sjølvkritiske og kroppsfikserte kulturen jenter veks opp i. Filmen gir eit ærleg portrett, og sjåaren får kome like tett på Olin som filmskaparen Olin tek oss innpå hovudpersonane i andre filmar.

Utanforskap som tema

Olin står i ein filmskapartradisjon som avkler overgrep og systemsvikt i samfunnet. Grupper som sjeldan kjem til orde i det offentlege ordskiftet, er tema i fleire av filmane, til dømes Engelen (2009) og De andre (2012).

Engelen er basert på livet til ei venninne av Olin. I filmen, som er den første spelefilmen til Olin, har ho fått namnet Lea. Rusmiddelavhengige Lea maktar ikkje å ta vare på barnet sitt og må gjere eit umogleg val. Engelen handlar om omsorgssvikt under oppveksten og korleis det kan ta frå eit menneske sjølvrespekten. Maria Bonnevie spela hovudrolla i filmen, som er basert på ein upublisert dokumentar. I denne dokumentaren følgde Olin heroinavhengige Pia i over to år, men valde å ikkje vise filmen då Pia blei rusfri.

Dokumentarfilmen De andre tek for seg konsekvensane av mellombels opphald for barn, som Noreg innførte i 2009. I fleire år følgde Olin mindreårige asylsøkjarar frå Kurdistan og Afghanistan. Dokumentaren går tett innpå livet deira på asylmottak medan dei tel ned til attenårsdagen sin, den dagen dei kan bli sende ut av landet. Ei sterk uro over den offentlege omsorga for dei mindreårige asylsøkjarane er gjennomgåande i filmen. Med denne filmen kom Olin med eit sterkt innspel i debatten om den norske asylpolitikken.

I 2014 kom 3D-dokumentaren Cathedrals of Culture om Operahuset i Bjørvika. Olin skapte i 2016 debatt med filmen Mannen fra Snåsa, ein dokumentar om Joralf Gjerstad, som vart påstått å vere synsk og ha lækjande hender. Barndom (2017) følgde seksåringar gjennom eit barnehageår, medan Selvportrett (2020, Amandaprisen, som ho delte med Espen Wallin) handla om kunstfotografen Lene Marie Fossen, som døydde av anoreksi i 2019. I 2023 kom Fedrelandet, som fokuserer på norsk natur og på foreldra og barndomsheimen hennar.

Utmerkingar

For Dei mjuke hendene fekk Olin fleire prisar, mellom anna Amandaprisen for beste dokumentar (1999). Kroppen min vann både Amandaprisen (2002) og Gullruten for beste tv-dokumentar i 2004. I tillegg til Amandaprisen har Olin mellom anna motteke Ole Vig-prisen (2003), Film & Kinos ærespris (2003), Livsvernprisen (2008), Folkets Amanda (2009), YS' likestillingspris (2009), Amnestyprisen (2010), Zola-prisen (2013) og Anders Jahres kulturpris 2022. Ho har òg vunne prisar under filmfestivalane i Göteborg og Karlovy Vary.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (4)

skreiv Svein Askheim

Hun heter i dag Margreth Olin Mykløen.

svarte Georg Kjøll

Takk for tips, Svein! Har lagt det inn som alternativt temanavn nå. Georg KjøllRedaktør

skreiv Tom Hummel

En betydelig film er tilkommet senere: Fedrelandet / Songs of earth.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg