Margrete er eit kvinnenamn som er samantrekt dansk form av Margarete som går tilbake til eit gresk namn som kjem av ordet margarites med tydinga ‘perle’. Dette ordet er opphavleg lånt frå persisk.

Namnet har fleire variantar: Magrete, Magrethe, Margareta, Margarete, Margaretha, Margarethe, Margret, Margreta, Margrete, Margreth, Margretha, Margrethe.

Namnedag er 25. oktober. og Merete har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Margrete

Eit utval personar med namnet Margrete, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 210 kvinner i Noreg som hadde Margrete som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 6 jenter som fekk namnet Margrete.

Av dei som heitte Margrete i perioden 1900–2017, var det 78 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Margrete. Dette inneber at 22 prosent hadde Margrete som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Margrete og Margrethe slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Dei fleste namna med minst tre stavingar har utanlandsk opphav. I motsetning til namna på -a hadde nokre namn på -e ein topp tidleg på 1800-talet, til dømes Pernille, Malene, Helene og Johanne. Dette gjeld også Margrete. Mens Margrete låg på omtrent same nivå utover på 1900-talet, hadde varianten Margrethe eit oppsving frå 1950-åra til det gjekk nedover att i 1980-åra. Sidan år 1900 har Margrethe vore brukt 2,4 gongar meir enn Margrete.

Utvikling i bruk av namnet Margrete frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Margrete frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Margrete på 1800-talet.

Margrete var mest brukt i Nord-Trøndelag.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Margrete på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Margrete var mest brukt i Nord-Trøndelag. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Margrethe.)

Historisk bruk av namnet Margrete
Historisk bruk av namnet Margrete
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg