Artikkelstart
Margot Honecker var ein tysk politikar, som var utdanningsminister i DDR frå 1963 til 1989. Ho vart medlem av kommunistpartiet KPD i 1945. I 1950 vart ho vald til DDRs parlament Volkskammer. I 1953 gifta ho seg med Erich Honecker, som var statssjef i DDR frå 1976 til 1989. Ho trakk seg som utdanningsminister som følgje av dei store demonstrasjonane hausten 1989, som førte til oppløysinga av DDR og slutten på den kalde krigen. I 1991 flykta ho og ektefellen Erich Honecker til Moskva for å unngå straffeforfølging. Frå 1992 og fram til sin død i 2016 levde Margot Honecker eit tilbaketrekt liv i Santiago, Chile.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.