Faktaboks

Margit Walsø
Fødd
11. januar 1968, Sunndalsøra
Margit Walsø
Margit Walsø
Av .

Margit Walsø er forfattar og direktør ved Senter for norsk litteratur i utlandet, NORLA, ei stilling som gir henne ein sentral posisjon i norsk bokbransje.

Walsø studerte kjemi og realfag ved Norges tekniske høgskole i Trondheim og tok deretter hovudfag i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo i 1993. Same året vart ho tilsett i Det Norske Samlaget, først som redaktør, seinare som forlagssjef.

NORLA

Frå 2011 har Walsø vore direktør ved NORLA og har mellom anna hatt hovudansvaret for å leggje til rette for Noreg sin plass som hovudgjest ved bokmessa i Frankfurt i 2019.

I NORLA har Walsø vore pådrivar og prosjektleiar for Noreg som æresgjest ved bokmessa i Frankfurt i 2019. Rolla som hovudland inneber fleire hundre kultur- og litteraturarrangement i Tyskland og var ei av dei største norske kultursatsingane i nyare tid.

I 2016 vart Walsø kåra til den 12. mektigaste personen i norsk bokbransje, av bladet Bok & Samfunn.

Forfattarskap

Walsø debuterte som forfattar med Kjære Voltaire i 2007, følgt av Dronningens løfte i 2013. Begge er historiske romanar med utgangspunkt i fakta og med handlingar lagde til Frankrike. I Kjære Voltaire er det vitskapskvinna Émilie du Châtelet (1706–1749) som er hovudperson, i Dronningens løfte dronning Marie-Antoinette, basert på forskinga til Alma Söderhjelm (1870–1949). Handlinga i Parfymeorgelet (2018) går òg føre seg i Frankrike, men no i 1970-åra og med den oppdikta kjemistudenten Ingrid som sentrum i forteljinga.

Walsø sitt kjennemerke er underhaldningsromanar der intrigane inngår i korrekte historiske og vitskaplege samanhengar, ofte med stor detaljrikdom. Dei ber preg av ein forfattar med akademiske kunnskapar, både i djupn og breidd. Bøkene har alle etterord som viser kjeldene ho har brukt.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg