Faktaboks

Margaret Oliphant
Uttale
ˈålifənt
Fødd
4. april 1828, Wallyford, Skottland
Død
25. juni 1897, London
Margaret Oliphant
Plakett i St Giles-katedralen i Edinburgh
Oliphant cirka 1860-talet. National Portrait Gallery.
Oliphant på norsk
Bind 2 av romanen Den som ikke vil, naar han kan frå 1880.
Oliphant på norsk
Lisens: CC BY SA 3.0

Margaret Oliphant var ein skotsk forfattar og litteraturkritikar som gav ut mange romanar, noveller, biografiar, populær- og litteraturhistoriske verk. Ho var svært produktiv både som skjønnlitterær og faglitterær forfattar i siste halvdel av 1800-talet. Fire av romanane hennar vart omsette til norsk, dei fleste med ein gong dei kom ut.

Oliphant hadde ei uvanleg lang karriere, med over 50 år som aktiv skribent: frå 1844 til 1897, då ho døydde. Ho var eit av tidas bestseljande namn, men er blitt langt mindre lesen i ettertid. Til dei mest kjende titlane høyrer romanserien Chronicles of Carlingford (1863–1866) som inneheld seks bøker, og som gjekk som føljetong over tre år i det kjende bladet Blackwood’s Magazine.

Bakgrunn

Margaret Oliphant Wilson var fødd og hadde barneåra i Skottland, og hadde ein tydeleg skotsk identitet trass i at ho budde det meste av livet i England. Ho var dotter i ein vanleg middelklasse-familie, der mora var spesielt opptatt av at jenta skulle ha utdanning.

Margaret skreiv ivrig frå tidlege barneår, og var berre 21 då den første romanen kom, og 23 då ho tok til å skrive artiklar for Blackwood’s Magazine. Romanen Passages in the Life of Mrs Margaret Maitland (1849) er likevel eit tydeleg ungdomsverk, og ho skulle utvikle seg mykje som forfattar etter dette.

Ekteskap

Samtidig med skrivinga hadde ho eit travelt heime-liv. Ho gifta seg som 24-åring med søskenbarnet Frank Wilson Oliphant, og har difor ei noko forvirrande rekke med namn: Margaret Oliphant Wilson Oliphant. Med god grunn blir dette no gjerne forkorta til Margaret Oliphant, medan forfattarnamnet hennar var «Mrs Oliphant», når ho då ikkje var anonym.

Personlege tragedier

Oliphant med familie i Windsor

Mor og to vaksne søner i 1874

Oliphant fødde seks born, men mista tre av dei som babyar. Mannen blei sjuk av tuberkulose, og familien flytta til Italia for å gje han betre sjansar til å overleve. Men han døydde etter berre sju års ekteskap. Så døydde det fjerde barnet, og Margaret hadde to søner igjen som nådde vaksen alder.

No var ho einaste familieforsørger, og dei levde av det ho kunne tene som forfattar. I periodar av livet fekk ho også ei utvida byrde då to brør og deira familiar trengte økonomisk hjelp. Og Oliphant skreiv og skreiv.

Ho hadde tatt med seg familien frå Italia til England etter mannen sin død, og budde resten av livet mest i Windsor. Dei to sønene som levde opp, døydde også nokre år før henne, så ho opplevde å misse heile familien sin.

Litteraturkritikaren

Portrett frå 1881 i National Portrait Gallery

Oliphant skreiv om både samtids- og eldre litteratur, og gav til dømes ut A Literary History of Scotland i 1882 og historia til forlagshuset Blackwood i 1897. Ho skreiv artiklar og bøker om forfattarar som Joseph Addison, Mary Russel Mitford, Charles Dickens, William M. Thackeray, Alfred Tennyson, og Victor Hugo, for å nemne nokre. Ho skreiv også eit kapittel om Brontë-søstrene («The Sisters Brontë») i boka Women Novelists of Queen Victoria’s Reign (1897).

Dessutan var Oliphant mellom dei første som skreiv om Jane Austen si ironiske fortellestemme og kritiske blikk, i ei tid då Austen vart marknadsført som snill, gammal tante og mild prestedotter. Margaret Oliphant skreiv om Austen sin underfundige, kvinnelege satire, som smiler i ‘ein viss, mild desperasjon’ over menneskelege absurditetar (i artikkelen «Miss Austen and Miss Mitford»).

Det er ikkje tilfeldig at nett Oliphant ser denne kvaliteten hos Austen, og ho har ei liknande grunnhaldning sjølv i det beste av forfattarskapen. Også ho har skarpe og slåande observasjonar av mellommenneskeleg samspel og kjønnsroller.

Forfattarskapen

Oliphant skreiv over 100 romanar pluss andre bøker av ulikt slag, om lag 120-130 bøker i alt. Det var realistiske familieromanar, romantiske romanar, landsbyromanar, historiske romanar, og i ei periode på 1880-talet fortellingar om spøkelse og andre parapsykologiske fenomen.

I tillegg vart det like mange artiklar i Blackwood’s Magazine. Ho skreiv også biografiar over mellom andre Dante, Cervantes, og Frans av Assissi, og til slutt ein sjølvbiografi som eigentleg var meint til familiebruk.

Hovudpersonane i romanane er kvinner som strever med å finne ut av pliktene og normene i det viktorianske samfunnet, og med å gjere eigne val. Ofte kjempar dei med konfliktar mellom yrke eller kall på eine sida og ekteskapsforventingane på den andre. Her er skuffelse og desillusjon, og eit skarpt blikk på samtida.

Ikkje minst har romanane Miss Marjoriebanks (1866), Hester (1883) og Kirsteen (1890) utprega kvinnekårstematikk, medan Sir Robert’s Fortune (1894) er ein nesten bitter utlevering av undertrykking i ekteskapet.

Resepsjon

Det er blitt ein myte at Oliphant ofra kunsten for pengane, og dette blir ofte gjentatt av dei som omtalar henne. Dels er dette grunna på mistanken om at produktivitet må bety slurv. Dels er det lett å felle denne dommen sidan få har lese særleg mykje av det ho skreiv, og difor heller ikkje har sett dei kvalitetane som måtte vere der.

Virginia Woolf er mellom dei som har meint at Oliphant selde intellektet sitt («her very admirable brain») for å forsørge sønene (i essayet «Three Guineas»). Men Woolf skreiv i ei tid då høg-viktoriansk litteratur var gått veldig av moten. Andre ser Oliphant som ei viktig brikke i biletet av det seine 1800-talet, og ein intelligent og tydeleg feministisk forfattar.

Andre viktorianske forfattarar som Anthony Trollope og Walter Scott var også svært produktive, og har difor liknande veksling mellom gode og middelmådige romanar. I slike høve ville sikkert forfattarar tent på å skrive færre titlar og bruke meir tid på kvar, men det tyder ikkje at forfattarskapen ikkje er verd å lese i dag.

Det er skjedd ei viss nyvurdering av Margaret Oliphant sitt mangslungne verk sidan 1980-talet, med fleire nye utgjevingar, biografiar og akademiske bibliografiar. Likevel er det relativt få titlar som er komne i nye utgåver. Dei som interesserer seg for forfattarskapen, ser henne gjerne som ei skotsk stemme, med mykje bruk av skotske dialektar og sosiolektar, og ei kvinnestemme, med klart fokus på kvinnekår.

Omsetjing til norsk

Som elles i verda, var det i Norge langt meir interesse for Oliphant sin forfattarskap på 1800-talet enn utover 1900-talet. Fire romanar vart omsette til norsk, dei tre første med ein gong dei kom på engelsk, same år eller året etter. Ingen av bøkene frå dei første tjuefem åra er omsette, alle er frå siste halvdel av forfattarskapen. Dei tre første gjekk som føljetongar i aviser og blad før bokutgjeving, og redaktørane ville ha dei siste nye romanane frå utlandet. Dei norske omsetjingane er:

  • Fru Arthur (1877)
  • Den som ikke vil, naar han kan (1880)
  • Gjøgungen (1893)
  • En liden Pilgrim i det usynlige (1902, ny utg. 1919)

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Clarke, John Stock, Margaret Oliphant (1828-1897): A Fiction Bibliography, University of Queensland, 1997, revidert nettversjon 2019.
  • Clarke, John Stock, Margaret Oliphant (1828-1897): Non-fictional Writings: A Bibliography, 1997, revidert nettversjon 2019.
  • Clarke, John Stock, Margaret Oliphant (1828-1897): The Rise, Decline and Recovery of a Reputation: Secondary Bibliography, nettversjon 2019.
  • Jay, Elizabeth, Mrs Oliphant: «A Fiction to Herself», A Literary Life, Oxford University Press, 1994.
  • Kämper, Birgit, Margaret Oliphant’s Carlingford Series: An Original Contribution to the Debate on Religion, Class, and Gender in the 1860s and 70’s, Peter Lang, 2001.
  • Oliphant, Margaret, 'Miss Austen and Miss Mitford', i B. C. Southam, Jane Austen: The Critical Heritage, London: Routledge and Kegan Paul, 1968, s. 215-225.
  • Rubik, Margarete, The Novels of Mrs Oliphant: A Subversive View of Traditional Themes, Peter Lang, 1994.
  • Williams, Merryn, Margaret Oliphant: A Critical Biography, St. Martin’s Press, 1986.
  • Woolf, Virginia, Three Guineas, Hogarth Press, 1938.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg