Mareno er eit mannsnamn som er avleidd av kvinnenamnet Maren. Namnet kan sjå italiensk ut (jamfør det italienske Marino), men det er laga i Noreg.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Ingvald Mareno Smith fødd 1863 i Levanger.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 80 menn (fødde i Noreg) som hadde Mareno som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Mareno i perioden 1900–2017, var det 83 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Mareno. Dette inneber at 17 prosent hadde Mareno som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg