Marcus er eit latinsk mannsnamn som kanskje går tilbake til Mars, namnet på den romerske krigsguden.

Namnet har fleire variantar: Marcus, Markus.

Kjende personar med namnet Marcus

Eit utval personar med namnet Marcus, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 820 menn i Noreg som hadde Marcus som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 33 gutar som fekk namnet Marcus.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Markus og Marcus slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Markus og Marcus er blant dei bibelske namna som vart populære rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Adam, Aron, Benjamin, David, Filip, Joakim, Lukas, Mathias, Mikael, Noah og Ruben. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste åra. Dette viser seg også ved ein internasjonal stavemåte av nokre av desse namna, til dømes Marcus i staden for Markus.

Utvikling i bruk av namnet Marcus frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Marcus frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg