Marcela

Artikkelstart

Marcela er eit kvinnenamn. Det er ein variant av Marcella som er eit italiensk kvinnenamn med same opphav som det parallelle italienske mannsnamnet Marcello. Det går tilbake til latin Marcellus som er diminutiv («vesleform») av Marcus.

Namnet har fleire variantar: Marcela, Marcella.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Marcela som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg