Mandius

Artikkelstart

Mandius er eit mannsnamn som truleg er avleidd av kvinnenamnet Manda.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var gardbrukar og skipsreiar Johan Mandius Køhler fødd 1821 i Stavanger.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 80 menn (fødde i Noreg) som hadde Mandius som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Mandius i perioden 1900–2017, var det 61 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Mandius. Dette inneber at 39 prosent hadde Mandius som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg