Mally Haaland

Faktaboks

Mally Haaland

Mally Carenius Haaland, Amalie Charlotte Carenius Halvorsen (fødenamn)

Født
26. mai 1887, Fredriksvern (no Larvik), Vestfold og Telemark
Død
23. februar 1934, Oslo
I skanna kjelder i Digitalarkivet er både 23. og 26. mai opplyst å vere fødseldatoen, og fødestaden både Fredriksvern og Christiania.
Mally Haaland i stykket «Det er bare én måte» på Det Nye Teater i 1931.

Artikkelstart

Mally Haaland var ein norsk skodespelar. Ho hadde talent for både drama og komedie, og underheldt publikum med karakterkomikk av det absurde og groteske slaget. Haaland spela i over 50 teaterstykke.

Mally Haaland var fødd i Fredriksvern (no Larvik). Ho debuterte på Laviks turnéteater i 1908 og turnerte med Det Norske Spellaget i 1910. I 1912 vart ho vald ut til å spele Gina i Henrik Ibsens Vildanden på teatret i Stavanger. I nokre år hadde ho engasjement ved teateret i Trondheim, før ho kom til Det Norske Teatret i Oslo i opningsåret 1913. Her vart ho verande i tre periodar, fram til 1928. Då gjekk ho over til Det Nye Teater, der ho med eit par års avbrot vart verande til ho døydde.

Mally Haaland var gift med Ingjald Haaland.

Komediar og lystspel

Det Norske Teatret hadde mange lystspelrepertoaret, og Haaland fekk høve til å utfalde seg i farsar og komediar. I 1913 spela ho Nille i Jeppe på Berget, med kong Haakon og andre høgborne menn til stades på premieren. Same året medverka ho i Lars-Anders og Jan-Anders. Stykket var ein svensk folkekomedie, ein sjanger som var populær og pengeinnbringande i mange år framover. I idrettskomedien Sportsdilla imponerte ho som tenestejenta som gjorde stavsprang på riveskaftet.

Då storsatsinga Læraren av Arne Garborg vart sett opp i 1914, spela Haaland den karakterkomiske rolla som Maren dokter, og ho fekk rosande kritikkar. I 1915 hadde Oskar Braatens Ungen premiere på nynorsk, med Haaland i rollene som både Petrina og Sersjant-Petra. Ein skikkeleg publikumsfulltreffar kom i 1917, då sogespelet Kråka vart sett opp. Her spela Haaland trælkvinna Grima, som ho overdreiv til det groteske. Stykket vart den største suksessen til Det Norske Teatret til då, med 81 framsyningar.

Straumen frå 1922 handla om klasseskilnader på bygdene i gamal tid. Her spela Haaland trollkjerring, ei rolle der ho verkeleg fekk vise sine særeigne kunstnarlege evner til å overdrive. Med masker, mimikk og manerar fekk ho publikum til å grøsse og le, og til leve seg inn i underlege skapnader.

Etter at ho kom til Det Nye Teater i 1928, spela ho i ei rekkje komediar, mellom anna Natt-kabaret, Svindlerne og Min kones familie. Ho hadde ei sentral rolle som syerkse i Piker i uniform, men store, berande komedieroller fekk ho knapt dei få åra ho verka ved teateret. Skodespelaren Leif Juster, som var engasjert ved teatret samtidig med Haaland, fortel om henne at dersom ho fekk utdelt ei rolle ho syntest var for lita, sa ho replikkane fleire gongar for at dei skulle verte større – og folk lo. Sjølv i småroller trekte ho eit stort publikum, og redda slik meir enn éi framsyning for teatret.

Tragediar

Det var lettare å fylle teatersalane, og kassa, dersom det stod komediar på programmet, men Det Norske Teatret prøvde seg òg med dramatiske stykke, både norske og utanlandske. Sjølv om Haaland hadde utmerkt seg mest som komediant, spela ho òg i tragediar, mellom anna Bråhamaren og Mikalskyrkja. Stykka var nyskrivne tragediar med handling frå norsk bygdeliv. Begge vart sette opp i 1917, og begge fekk middelmåtige kritikkar. Same året tok Haaland ein pause frå hovudstadsteatret og drog på speleferd med Drabløs-ensemblet, med Dødsdansen av August Strindberg.

Året etter gav teatret seg i kast med Myrkemakti, eit krevjande naturalistisk drama av Leo Tolstoj, med karakterar frå den russiske landsbygda. Haaland spela her ei birolle, som ho fekk fin omtale for. I 1924 spela ho ei større rolle i Dangardsfolket, eit dansk drama med sosial tendens, og i 1926 i Den store rolla, eit finsk drama med tema frå den finske borgarkrigen.

Filmkomediar

Ved sidan av teatret hadde Haaland mindre roller i eit par filmar. I Den nye lensmanden, ein morofilm om livet på landet frå 1926, spela ho dottera til Jens Brødlaus. Filmen framstilte standsforskjellar mellom bønder og husmenn, med burlesk humor, innpakka i nasjonalromantiske rammer. Han vart mønster for mange liknande spelefilmar i 1920- og 1930-åra, og var eit viktig bidrag til stumfilmkomikken. I 1934 spela Haaland i den norske versjonen av Stille flirt. No var lydfilmen eit faktum.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg