Majorstuen
Majorstuen
Majorstuen
Av .

Majorstuen er ei norsk folkemusikkgruppe som nyttar tradisjonsmateriale som grunnlag for nye og særeigne komposisjonar for felemusikk.

Besetning

Majorstuen vart etablert i 2000 i Oslo. Originalbesetninga var Jorun Marie Kvernberg (fele), Synnøve S. Bjørset (fele), Tove P. Hagen (fele, cello), Ragnhild Furebotten (fele) og Gjermund Larsen (fele, cello, bratsj). Gruppa har endra besetning gjennom åra og består no av Kvernberg, Bjørset, Hagen, Anders Löfberg (fele, cello) og Bjørn Kåre Odde (fele, bratsj).

Stil

Med inspirasjon frå andre musikalske sjangrar og uttrykk utfordrar dei den folkemusikalske arven, men det er det tradisjonelle felespelet som dannar basisen i musikken til Majorstuen. I tillegg til at alle i gruppa spelar fele, gir innslaga med cello, bratsj og oktavfele ein særeigen rytme og klang i musikken deira. Folkemusikkgruppa haustar ros frå publikum og kritikarar for komposisjonane dei lagar for felemusikk, og dei er mykje brukte på konsertar og folkemusikkfestivalar i Noreg og Europa.

Utgivingar

Gruppa debuterte med albumet Majorstuen i 2002 og har gitt ut sju studioalbum, der dei i tillegg til eigne komposisjonar for felemusikk nyttar nye arrangement til den norske tradisjonsmusikken. På albumet Juledrøm (2006) har Majorstuen laga nye arrangement på kjende julesongar som «Den fagraste rosa» og «Det hev ei rose sprunge». Gruppa har i tillegg gitt ut samlealbumet Les Borèales compilation (2012) og livealbumet Live in concert (2012). I 2015 gav Majorstuen ut Kvitre, som var eit tingingsverk til Førdefestivalen i 2014.

Utmerkingar

Majorstuen fekk Spellemannprisen i 2003 for Majorstuen. I 2005 fekk dei Hilmar Alexandersens musikkpris.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg