Magne Aasbrenn

Faktaboks

Magne Aasbrenn
Født
23. august 1955, Fredrikstad, Viken
Magne Aasbrenn.
Av /Noregs Mållag.

Artikkelstart

Magne Aasbrenn er lektor, forfattar, forleggjar og tidlegare leiar i Noregs Mållag. Han var den første leiaren i organisasjonen som kjem frå Østfold.

Bakgrunn

Magne Aasbrenn er fødd i Fredrikstad i Østfold (no Viken). Han tok vidaregåande skule i 1971–1974 og er utdanna cand.philol. med hovudfag i engelsk frå Universitetet i Oslo i 1984. Emnet for hovudfagsoppgåva var George Eliot og romanen Middlemarch. Aasbrenn er tilsett som lektor ved Frederik II videregående skole i Fredrikstad.

Språkarbeidet

Aasbrenn var leiar i Noregs Mållag for perioden 2016 til 2020. Han byrja å skrive nynorsk i 1991. Han brenn for bruken av dialekt, og han har arbeidd mykje for å synleggjere og heve statusen til fredrikstadmålet. Som leiar i Noregs Mållag arbeidde Aasbrenn for å sikre sidemålsordninga og nynorsken i randsonene. Han jobba for å styrkje samarbeidet med fagrørsla og arbeidde for at kommunereforma ikkje skulle gå ut over nynorsken.

Forfattarskapen

Aasbrenn har gitt ut fleire bøker. Han debuterte på fredrikstaddialekt med oppvekstromanen Banna ben i 1978. Hjelpebok i nynorsk for østfoldingar kom i 1990, romanen Apalvika i 1994 og Ferdaminne Fredrikstad i 2012. 1 2015 kom 250 slengerær – språklige skråblikk 2004–2014, om målet i Østfold og Fredrikstad. Aasbrenn har òg gitt ut fleire bøker saman med Marit Øgar Aasbrenn, og han var redaktør for Østfold Mållag si årbok Aust i Vika i 2009–2011 og i 2012.

Forlagsarbeidet

Saman med Marit Øgar Aasbrenn har han drive forlaget Kvitveis sidan 1989. Fram til 2012 var namnet på forlaget Hvitveis. Namneendringa til Kvitveis var eit språkleg signal til støtte for nynorsk og dialekt. Forlaget har gitt ut meir enn 40 bøker, der emna er språk, kultur og historie.

Anna engasjement

Aasbrenn er styremedlem i Fotballmuseets Venner i Fredrikstad, har vore leiar i Østfold Mållag sidan 2002 og fekk Østfold Mållag sin målpris i 2009.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg