Eit sentralt element for Åm er forholdet mellom musikk, tid og rom. Åm reknar tid og rom som eigna reiskapar for den som søkjer å bevisstgjere den djupaste essensen i og meininga med seg sjølv, anten ein skapar, framfører eller lyttar til musikk. Derfor ser han det som ei oppgåve å utfordre tradisjonelle formidlingsmåtar ved å la verka innehalde element som sprengjer tilvante konsertritual. Utforsking av tid og rom er eit menneskeleg livsprosjekt, og musikken kan takast i bruk til dette.
I Burfugls draum (1982) er koreografien eit vesentleg element, der korgrupper stryk forbi publikum i ulike retningar under heile det tjue minutt lange verket. I fleire av verka er plasseringa av musikarane omkring i salen eit vesentleg poeng, og i kammerverket fritt fram er musikarane enno ikkje er komne inn når stykket byrjar. Verket Tonebad- eit mulitmedia er eit opplevingsrom for éin person om gongen (med timebestilling).
I kvartetten her, i oppstoda (2001) skal ein ideelt liggje og sjå eit opptak av dansen i taket. Fritonaliteten blir kopla til ei sveve-kjensle, der ein ikkje har eit fast tonalt feste, noko som spring ut av ei tolking av eksistensen sjølv. Men dette svevet løyser seg likevel ikkje frå menneskeleg liding, som komposisjonane minner om og kjenner seg ansvarlege i høve til. Karakteristisk nok har Åm skrive musikk til stader med særleg sterkt ekko. Musikk er alltid i eit rom, og dette blir tenkt inn i sjølve komposisjonen.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.