Magdalena

Artikkelstart

Magdalena er eit kvinnenamn som er latinsk form av Magdalene som går tilbake til det andre førenamnet på Maria Magdalene. Ho kom frå staden Magdala ved Genesaretsjøen, og det greske [he Magdalene] tyder ‘kvinne frå Magdala’. Ved dobbeltnamnet Maria Magdalena kan ho skiljast frå andre kvinner som heiter Maria i Det nye testamentet.

Namnet har fleire variantar: Magdalena, Magdalene, Magdalen.

Kjende personar med namnet Magdalena

Eit utval personar med namnet Magdalena, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 340 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Magdalena som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Magdalena i perioden 1900–2017, var det 70 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Magdalena. Dette inneber at 30 prosent hadde Magdalena som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg