Magasinett er eit nynorsk nettmagasin for ungdom i ungdomsskulen og vidaregåande skule. Om lag 15 forfattarar, journalistar og skribentar leverer tekstar til nettstaden, som blir oppdatert fleire gonger i veka.

Nettstaden vart oppretta i 1997 av Noregs Mållag med Vidar Høviskeland og Gerhardt Stoltz som dei første redaktørane. I dag blir nettmagasinet drive av ei stifting skipa av Noregs Mållag og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og er ein del av Framtida.no sine nettsider.

Artiklar, Synsingar, Skrivekløe og Forfattarpraten har vore nokre av dei faste spaltene eller menypunkta. Dei siste åra har Magasinett hatt skrivetevlingar for ungdom, og i 2010 vart det starta ein blogg der ungdom kan skrive om emne dei er opptekne av. Magasinett profilerer seg også på sosiale medium.

Magasinett har motteke støtte frå Kunnskapsdepartementet, Norsk kulturråd og LNK, og er i dag ein del av Framtida.no.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg