Madelen er eit kvinnenamn. Det er ein variant av Madeleine som er fransk form av det bibelske Magdalene.

Namnet har fleire variantar: Madelaine, Madelein, Madeleine, Madelen, Madelene, Madeline.

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 095 kvinner i Noreg som hadde Madelen som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 40 jenter som fekk namnet Madelen.

Utvikling i bruk av namnet

Dei franske kvinnenamna var mest populære innanfor tidsrommet 1975–2009. Dette gjeld også Madeleine (topp 1985–94) og varianten Madelen (topp 2005–2009). Andre franske namn som var på topp innanfor tidsrommet 1975–2009, var Annette, Charlotte, Henriette, Jeanette, Yvonne, Renate og Mariell.

Utvikling i bruk av namnet Madelen frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Madelen frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg