Artikkelstart
Målvinarlaget var eit mållag skipa i 1877 ved lærarskulen på Stord. Det sovna inn vel 100 år seinare og vart det eldste elevmållaget i landet.
Faktaboks
- Også kjent som
-
Maalvinarlaget
Maalvinarlaget ved seminaret på Stord vart skipa i januar 1877. Det var det første levedyktige elevmållaget i landet. Alt frå slutten av 1860-åra hadde det teke til å vekse fram landsmålsmiljø ved somme av lærarseminara. Og både ved seminaret på Stord og ved seminaret i Asker vart det skipa mållag rundt 1872, men desse laga voks ikkje opp.
I dei første åra var møta til Maalvinarlaget (målvenelaget) arbeidsmøte der medlemene lærde kvarandre landsmål. Laget bygde opp si eiga boksamling, hadde sitt eige handskrive blad, Maalvinen, arbeidde for landsmål som undervisningsemne ved seminara og kravde vitnemål på landsmål.
Frå starten og like ut i 1940-åra var innkjøp og utlån av bøker på nynorsk ein sentral del av verksemda. Boklista omfatta på det meste 415 titlar. Etter krigen var 1960-åra ein særleg aktiv periode, deretter vart det stillare. Mållaget vart over 100 år gamalt. Det markerte jubileet i 1977, men sovna så etter kvart inn.
Etter skipinga av Maalvinarlaget i 1877 kom det andre seminarmållag til. I 1878 stifta elevar ved seminaret i Kristiansand Maalreisningssamlaget, og både Maalvinarlaget og Maalreisningssamlaget var medlemer i Det Norske Samlaget. I 1888 vart det meldt om eit mållag ved seminaret i Asker, og i 1890-åra vart det starta lag ved seminara i Elverum, Volda, Levanger og Tromsø.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.