Faktaboks

Mål og makt
Organisasjonstype
Forening/lag/innretning
Forretningsadresse
Oslo
Styreleiar
Frida Pernille Mikkelsen
Mål og Makt, 2020, nr 2
Mål og Makt, 2020, nr 2
Av .

Mål og makt er eit tidsskrift utgitt av Studentmållaget i Oslo, det fremste nynorske språktidsskriftet i Noreg.

Mål og makt har i to periodar vore tidsskriftet til Studentmållaget i Oslo. Det kom første gongen ut frå september 1934 til hausten 1935. Redaktør var Tønnes Sirevåg, redaksjonssekretær var Einar Karstad, seinare Ove Bakken. Bladet skulle ta opp målteoretiske spørsmål og vere eit talerøyr for målstudentane ved universitetet. Det kom ut seks nummer. Første nummeret var ein suksess, også økonomisk, men i lengda bar ikkje bladet seg, og det måtte leggjast ned.

I 1971 starta Studentmållaget i Oslo eit nytt tidsskrift, Sentrum og periferi. Året etter skifta det namn til Mål og makt og knytte slik banda tilbake til 1930-åra. Opplaget låg rundt 1500. Fram til 1998 var tidsskriftet først og fremst eit språkideologisk tidsskrift. Seinare har det i noko større mon teke opp også andre emne.

I skriftstyra og mellom forfattarane finn vi mange personar som seinare har markert seg i målrørsla, i den akademiske verda eller i norsk samfunnsliv elles. Nivået i tidsskriftet har vore høgt.

I 2012 definerte Mål og makt seg som «eit blad for alle som er interesserte i språk, språkdebatt, kulturkamp, motkulturelle ståstader». Eit skriftstyre har det redaksjonelle ansvaret for tidsskriftet, som då kom med fire nummer i året. Opplaget var 750.

Mål og makt har ofte gitt ut temabaserte nummer. Døme på emne opp gjennom åra: Mål og målstrid på Austlandet, målet i Oslo og Bærum, nordnorsk målreising, mediespråk, lese- og skriveopplæring på dialekt, språkhaldningar, målreising mellom krigane, Ivar Aasen, fiendane til målreisinga, språkplanlegging, språk og kjønn, tospråklegheit, målpressa, bokmålet, barn og språk.

Les meir i Store norske leksikon

Kjelder

  • Olaf Almenningen mfl. (red.): Studentar i målstrid. Studentmållaget 1900–2000. Oslo 2003
  • Olav Dalgard mfl. (red.): Studentmållaget 50 år. 1900–1950. Oslo 1952
  • Mål og makt, 1934–35
  • Mål og makt, 1972–2012
  • Sentrum og periferi, 1971

Eksterne lenker

Faktaboks

Mål og makt
Sektorkode
2500 Private produsentorienterte organisasjoner uten profittformål
Næringskode(r)
58.190 Forlagsvirksomhet ellers

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg