Faktaboks

Lydolf Lind Meløy
Fødd
11. april 1908, Meløya i Øksnes, Nordland
Død
25. mai 1999, Sarpsborg
Verke
Skolemann og politiker
Familie

Foreldre: Fisker og bonde John Pettersen Meløy (1854–1925) og Lydia Johanna Hansdatter (1864–1908).

Gift 1) 1938 i Vadsø med husøkonom Karen Aarseth (31.5.1915–21.12.1981), datter av skoledirektør Lyder Aarseth (1886–1951) og lærer Karen Marie Kastnes (1882–1968), ekteskapet oppløst 1968; 2) 1972 med lærer Ingebjørg Bjørnland (27.7.1927–), datter av fløtningsoppsynsmann Karl N. Bjørnland (1887–1951) og Anna Marie Baadstangen (1894–88).

Lydolf Lind Meløy var ein norsk skulemann og politikar. Han samla lærarane i éin organisasjon, vart skuledirektør i Finnmark og arbeidde for styrking av samisk språk og kultur.

Bakgrunn

Lydolf Lind Meløy var fødd i Øksnes i Nordland. 17 år gammal flytta han til StrandaSunnmøre i Møre og Romsdal. Han gjekk på folkehøgskule i Fana, tok lærareksamen i Volda i 1934, examen artium i Oslo i 1942 og studerte pedagogikk ved Noregs Lærarhøgskule i 1950–1951.

Skulemann

Meløy var lærar i Kautokeino i 1937–1939, Kirkenes i 1939–1945 og Vadsø i 1945–1948. I 1948–1968 var han skuleinspektør i Karasjok og la ned eit stort arbeid i gjenoppbygginga av skulestellet, som låg i ruinar etter andre verdskrigen.

Frå 1959 var Meløy styremedlem i Norges Lærerlag, frå 1962 som formann. Han var den første formannen som ikkje kom frå Oslo. Lærarane var på den tida splitta i ni organisasjonar, og Meløy sette seg føre å samle dei. Norges Lærerlag, Norges Lærerinneforbund, Norges Skolelederlag og Norsk Øvingslærerlag gjekk saman i Norsk Lærarlag i 1966. Meløy var formann til han i 1968 vart han utnemnd til skuledirektør i Finnmark. Han hadde denne stillinga til han gjekk av for aldersgrensa i 1978.

Samisk språk og kultur

Han var oppteken av samane si stilling. I 1956 vart han medlem i Komiteen til å utgreie samespørsmål («Samekomiteen») og utfordra dermed «fornorskingspolitikarane» i Finnmark. Han var formann i redaksjonskomiteen for samisk-norsk lesebok,som kom i 1965–1970. Som nestleiar i styret for NRK i 1968–1976 arbeidde han for å styrkje samisk språk og kultur gjennom NRK.

Andre verv og engasjement

Meløy var ordførar i Karasjok frå 1956 til 1962. I 1958–1961 var han vararepresentant til Stortinget for Venstre.

Meløy var målmann heile sitt vaksne liv og var i eldre år med på å skipe mållag i både Varanger og Østfold. Som pensjonist arbeidde han med skulehistorie og gav i 1980 ut boka Internatliv i Finnmark. Han hadde sjølv vore internatstyrar.

Utmerkingar

I 1970 vart Meløy utnemnd som æresmedlem i Norsk Lærarlag. Han fekk Veteranknappen for lang og tru teneste i IOGT i 1981. I 1982 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lars Beite (red.): Norske skolefolk. Stavanger 1966
  • Innstilling fra komiteen til å utrede samespørsmål. Oslo 1959
  • L. Lind Meløy: Internatliv i Finnmark. Skolepolitikk 1900–1940. Oslo 1980
  • Lydolf Lind Meløy: Frå Strid til samling. Norges Lærerforening – Norsk Lærarlag. Oslo 1983
  • Lydolf Lind Meløy: Minne frå eit langt liv. Sarpsborg 1996
  • Olav Rovde: Vegar til samling. Norsk Lærarlags historie 1966–2001. Oslo 2004
  • Torleiv Vaksvik: « Lydolf Lind Meløy – frå lærarlag til skuledirektør». Gjennom skolevinduet. Kristiansand 1994

Faktaboks

Lydolf Lind Meløy
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036941003789

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg