Lunde
Bjervamoen med Lunde stasjon er senteret i Lunde.
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY 2.0

Lunde er ei bygd i Nome kommune i Telemark. Bygda omfattar storparten av dalføret mellom Flåvatn og Norsjø med sidedalar og omliggjande skogområde. Sørlandsbanen kryssar hovuddalen med den kanaliserte Straumen nær Lunde stasjon.

Faktaboks

Uttale

l'onne

Etymologi
norrønt Lundar herað, der første ledd er gardsnamnet Lund.

Lunde vart oppretta som eige herad i 1867 ved utskiljing frå . Kommunen blei i 1964 samanslått med den delen av Holla som låg vest for Norsjø til Nome kommune. Lundes areal var ved samanslutninga 275 kvadratkilometer. Bygda har to sokn; Lunde og Flåbygd.

Kart

Lunde
Lunde
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg