Lovise er eit kvinnenamn som er norsk form av det franske Louise avleidd av mannsnamnet Louis.

Namnet har fleire variantar: Lovisa, Lovise.

Namnedag er 25. august. Louise og Ludvig har også namnedag denne dagen.

Kulturell bruk

  • Lovise Margrete Doppen i Knut Hamsuns «Landstrykere» (1927).

Namnestatistikk

I 2022 var det 908 kvinner i Noreg som hadde Lovise som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 20 jenter som fekk namnet Lovise.

Av dei som heitte Lovise i perioden 1900–2017, var det 79 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Lovise. Dette inneber at 21 prosent hadde Lovise som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Den norske forma Lovise av det franske Louise har ein heilt annan kurveprofil enn det franske namnet. Lovise var mest brukt på 1800-talet med ein topp rundt 1870. Frå midten av 1900-talet var det så å seie ikkje i bruk før det fekk ei svak stigning frå slutten av 1900-talet. Dette står i motsetning til dei fleste andre trestava namna på -e som hadde ei sterk stigning i siste halvdel av 1900-talet. Mens Louise kan gi franske og kongelege assosiasjonar, gjeld dette ikkje den norske varianten Lovise. Ein annan grunn kan vere tendensen til å ta i bruk opphavlege former (Louise) i staden for seinare utvikla former (Lovise) – jamfør til dømes Sunniva i staden for Synnøve.

Utvikling i bruk av namnet Lovise frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Lovise frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lovise på 1800-talet.

Lovise var mest brukt i Vestfold og Nordland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lovise på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Lovise var mest brukt i Vestfold og Nordland.

Historisk bruk av namnet Lovise
Historisk bruk av namnet Lovise
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg