Faktaboks

Lothar de Maizière
Fødd
2. mars 1940, Nordhausen, Thüringen
Lothar de Maizière og Angela Merkel, 1990.
/Bundesarchiv.
Lisens: CC BY SA 3.0

Lothar de Maizière er ein tysk politikar og jurist i DDR og Tyskland. Frå hausten 1989 og fram til 1991 hadde han ein leiande posisjon i arbeidet med gjenforeininga av Tyskland.

Bakgrunn

Slekta de Maizière stammar frå franske hugenottar som flytta til Berlin-området på grunn av religiøs forfølging på det seine 1600-tallet. Han er utdanna bratsjist, og har spelt i fleire av DDRs orkester. På grunn av ein betennelse i armen utdanna han seg til jurist i løpet av 1970-talet. Han slo etter kvart inn på ein karriere som advokat. Han var aktiv i DDRs protestantiske kyrkje, og i tillegg medlem av det kristenkonservative blokkpartiet CDU frå 1956.

Politisk karriere

Dagen etter at Berlinmuren fall i 1989, vart han vald til leiar for blokkpartiet CDU. Dette var hans første partipolitiske verv. 18. november vart han kyrkjeminister i den nye regjeringa leia av Hans Modrow. Ved valet til DDRs parlament, Volkskammer, i mars 1990 var han toppkandidat for den tverrpolitiske alliansen Allianz für Deutschland, som var sett saman av kristenkonservative og fleire borgarrettsgrupper. Med 48,1 prosent av røystene vart alliansen valets store vinnar. 12. april 1990 vart Lothar de Maizière til den første, og einaste, demokratisk valde ministerpresidenten i DDR. Regjeringa de Maizières viktigaste oppgåve var å førebu gjenforeininga av Tyskland.

Påstandar om Stasi-samarbeid

Då Tyskland vart gjenforeint 3. oktober 1990, vart Lothar de Maizière utnemnd til minister med spesielt ansvar for dei tidlegare DDR-delstatane i Helmut Kohl si regjering. Han vart også nestleiar i partiet CDU under Kohl.

10. desember same år trykte nyhendemagasinet Der Spiegel ein artikkel der det vart hevda at Lothar de Maizière hadde vore informant for DDRs tryggingspoliti Stasi under dekknamnet «IM Czerny». Sjølv avviste han påstandane. Han trekte seg likevel frå ministerposten ni dagar seinare, den 19. desember 1990. I september 1991 gjekk han ut av politikken for godt. Då sa han frå seg plassen sin i den tyske forbundsdagen og posisjonen som nestleiar i CDU. Sidan har han arbeidd som advokat i Berlin.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg