Lorents er eit mannsnamn som er innlånt frå tysk. Det kjem opphavleg frå det latinske Laurentius som tyder ‘mann frå byen Laurentum’ (Italia).

Namnet har fleire variantar: Lorens, Lorents, Lorentz, Lorenz, Lorns, Lornts.

Namnedag er 10. august. Lars og Lasse har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Lorents

Eit utval personar med namnet Lorents, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 260 menn (fødde i Noreg) som hadde Lorents som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lorents på 1800-talet.

Lorents var – til liks med Lorns og Lornts – klart mest brukt i Nord-Trøndelag.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lorents på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Lorents var – til liks med Lorns og Lornts – klart mest brukt i Nord-Trøndelag. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Lorentz.)

Historisk bruk av namnet Lorents
Historisk bruk av namnet Lorents
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg