Galdhøpiggen, Lom kommune
Galdhøpiggen, Lom kommune. Av /NTB. Begrenset gjenbruk

Lom

Faktaboks

Landareal
1 887 km²
Innbyggertall
2211 (2022)
Administrasjonssenter
Fossbergom
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Oppland)
Innbyggernavn
lomver
Målform
nynorsk
Kommunenummer
3434 (frå 01.01.2020, tidlegare 0514)
Høyeste fjell
Galdhøpiggen (2469 moh.)
Lom
Lomsbygda med Vågåvatnet og Ottadalen innover til høgre, Bøverdalen mot venstre. Mellom desse kneisar den karakteristiske Lomseggje.

Utsikt mot kommunesenteret Fossbergom, med Bøverdalen innover i bildet til venstre.

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Lom er ein kommune i Innlandet fylke, den midtre av dei tre kommunane i Ottadalen (Skjåk, Lom og Vågå). Lom fekk sine nåverande grenser i 1866 ved at Skjåk vart skilt ut som eigen kommune.

Natur

Galdhøpiggen

Galdhøpiggen og store delar av Jotunheimen ligg i Lom kommune.

Av /KF-arkiv ※.
Kart
Av /Store norske leksikon ※.

Det meste av kommunen er snaufjell og brear (90 prosent ligg høgare enn 900 meter over havet). Lom omfattar storparten av sentrale Jotunheimen, mellom anna Noregs to høgaste toppar, Galdhøpiggen og Glittertinden på kvar si side av Visdalen, ein sidedal til Bøverdalen. Den sørlege delen av kommunen inngår i Jotunheimen nasjonalpark. Berggrunnen i Jotunheimen er djupbergartar som er sterkt omdanna og skovne på plass under den kaledonske fjellkjedefaldinga (Jotundekket) og sterkt erodert under istidene. Nord for Ottadalen og Bøverdalen er det mest gneis og – på grensa mellom desse to områda – striper av kalkhaldig, lausare skifer og fyllitt.

Befolkning og busetnad

Tyngda av busetjinga finst langs sørsida av Ottaelva på skredjord og morene av skiferberget. Elles har berre den nedre del av Bøverdalen busetjing av betydning. Der Bøverdalen munnar ut i hovuddalføret, ligg tettstaden og administrasjonssenteret Fossbergom. Folketalet i kommunen har synt ein svak nedgang sidan 1970-åra. I tiårsbolken 2009-2019 gjekk folketalet attende med 4,7 prosent.

Næringsliv

Sjølv om Lom omfattar store fjellområde med lite dyrkbart areal, er jordbruket framleis viktigaste næringsveg. Gardane ligg gjerne 365–450 meter over havet. Klimaet er tørt, så vatning er nødvendig og har lang tradisjon (Lom har noregsrekorden for minst nedbør på eitt år – 130 millimeter, 1911). Det er som regel rikeleg med vatn i bekkar og elver frå fjellet. Avlingane av bygg, poteter og gras er ofte høgare enn landsgjennomsnittet, og husdyrhaldet er stort. Husdyra nyttar framleis ein del av fjellbeita, som også blir brukte av eit tamreinlag.

Lom er på grunn av sine mange verna vassdrag ein svært liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 47 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er to kraftverk i kommunen, største fallhøgd er 123 meter.

Lom har stort besøk av turistar, ikkje minst med Jotunheimen som mål, og turistnæringa er i kraftig vekst. Mange hotell, turisthytter og pensjonat i Bøverdalen og Leirdalen (mellom anna Røisheim, Elveseter og Jotunheimen fjellstue) og i Fossbergom (mellom anna Fossheim Turisthotell).

Samferdsel

Hovudvegane gjennom Lom er riksveg 15 (heilårsvegen Otta–Måløy over Strynefjell) og fylkesveg 55 (Sognefjellsvegen) frå Fossbergom gjennom Bøverdalen og Leirdalen via Leikanger til Vadheim (Høyanger). Lom har ekspressbussamband med mellom anna Oslo, Bergen og Trondheim.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Lom hører til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Nord-Gudbrandsdal regionråd saman med Dovre, Lesja, Sel, Skjåk og Vågå.

Lom kommune svarar til dei tre sokna Bøverdalen, Garmo og Lom i Nord-Gudbrandsdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja. Sjølv nyttar kommunen i dag ei inndeling i fleire krinsar, til dømes ved avvikling av val: Bøverdalen, Garmo, Lia, Loar, Lom og Odda med fleire. Administrasjonssenteret Fossbergom høyrer då til Lom krins.

Mot slutten av 1800-talet hørte Lom til Nordre Gudbrandsdalen fogderi i Kristians amt.

Delområde og grunnkrinsar i Lom

For statistiske formål er Lom kommune (per 2016) inndelt i to delområde med til sammen 20 grunnkrinsar:

  • Lom vest: Odda, Galde, Medalen, Aukrust, Fossberg omland, Ulstad, Lykkja, Prestegardsskogen, Vike, Sognefjell, Galdhøpiggen, Memuru
  • Lom aust: Byre, Frisvold, Mo, Frøyse, Lia, Nyrnes, Finndalen, Glitterheim

Historie og kultur

Lom stavkyrkje.

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Lom er rik på kulturminne, mellom anna Lom stavkyrkje. Garmo stavkyrkje vart rive i 1880 og gjenreist på Maihaugen på Lillehammer. Storgarden Graffer har samlingar av gamle drakter og husbunader. Verd å vitje er Lom bygdemuseum med gardstun, husmannsplass og seter, Tor Jonsson-stugu og Olavstugu. På Garmo finst eit freda gardsanlegg med den såkalla Hamsunstugu, som har vore rekna som Knut Hamsuns fødestad.

På Fossbergom er det bygd opp eit eineståande steinsenter med samlingar av stein frå heile verda, spesielt mange mineral frå Jotunheimen. Sagasøyla (Eidsvollsmonumentet) av Wilhelm Rasmussen, opphavleg tenkt reist på Eidsvolls plass i Oslo, vart i 1992 reist for private middel ved Elveseter hotell i Bøverdalen. Norsk Fjellmuseum på Fossbergom opna i 1994.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1987) har tre sølvfarga skjeltereker mot blå bakgrunn; også kalt vatningsspade, brukt til kunstig vatning i eldre tider.

Kart

Lom kommune

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Eide, Hans Jakob (1958).Ottadalen : befolkning, næringsliv og samferdsel.
  • Kleiven, Ivar (1915). Lom og Skjaak: gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. isbn 82-03-05951-1 Les boka på NB.
  • Kolden, Jon: Bygdabok for Lom, 2000–2007, 4 bind, isbn 82-995656-1-8
  • Kvaale, Olav T. (1981). Gamalt frå Lom : folk og fylgje tå alle slag, 2. utg. isbn 82-990408-1-7, Les boka på NB

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg