Lodve Solholm

Faktaboks

Lodve Solholm
Født
14. mars 1949, Vestnes, Møre og Romsdal
Lodve Solholm i 2008.
Av /NTB.

Artikkelstart

Lodve Solholm er tidlegare fylkesmann i Møre og Romsdal i 2009–2018 og tidlegare stortingsrepresentant for Framstegspartiet (FrP) frå Møre og Romsdal.

Bakgrunn

Lodve Solholm er fødd i Vestnes i Møre og Romsdal. Han tok lærarskuleeksamen ved Volda lærarskule i 1972 og arbeidde som lærar ved ulike skular i Vestnes og Ørskog i perioden 1972–1995. I 1995–1997 var Solholm etatssjef for opplæring, kyrkje og kultur i Ørskog kommune. I 1995 tok han grunnfagseksamen i statsvitskap ved Høgskolen i Molde.

Politisk karriere

Solholm vart i 1979 medlem av sentralstyret i Framstegspartiet, eit verv han hadde i fleire periodar. Han vart med i styret for Møre og Romsdal Framstegsparti i 1975, og vart vald til formann året etter, eit verv han hadde i fleire periodar. På landsmøtet i FrP i 1986 vart han vald til ordførar i partiet, og frå 1994 til 1999 var han første nestleiar i Frp. Solholm var med på å skipe Ørskog lokallag av Framstegspartiet i 1976, og sat som formann i lokallaget frå 1978 til 1982 og frå 1994 til 1997.

Under Solholm si leiing oppnådde Ørskog FrP fleire gode resultat både i lokalval og ved stortingsval. Han var kommunestyremedlem i Ørskog for Frp frå 1977 til 1983, medlem av Ørskog formannskap i 1983–1989, og i fylkestinget i Møre og Romsdal frå 1980 til 1990. I 1983 til 1990 var han òg medlem av fylkesutvalet. Solholm var bystyremedlem i Ålesund i 1999–2009. I perioden 2007–2009 var han varaordførar i byen. Solholm vart utnemnd som fylkesmann i Møre og Romsdal 19. desember i 2008. Han tok til i 2009 etter endt stortingsperiode, og gjekk av ved utgangen av 2018 etter oppnådd aldersgrense.

Solholm vart innvald som stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Møre og Romsdal for perioden 1989–1993. Han vart vald inn att i 1997 og sat då samanhengande til han sa frå seg attval før stortingsvalet i 2009. Han var mellom anna nestleiar i samferdselskomiteenStortinget i 1991–1993, nestleiar i kommunalkomiteen i 1997–2001, andre nestleiar i fullmaktskomiteen i 2001–2005 og leiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen i 2005–2009. Han har òg vore andre varapresident på Stortinget i 1997–2001 og i 2005–2009, og president i Lagtinget i 2001–2005.

Andre verv og utmerkingar

Solholm var medlem i Løvebakken Mållag. Frå februar 2014 er Solholm styreleiar i Nynorsk kultursentrum, og han var styreleiar i Allkunne AS 2014–2016. Han har vore språkpolitisk engasjert, både i og utanfor Framstegspartiet. I 2009 vart Solholm tildelt Hedersprisen Fjøslykta, den høgste utmerkinga i FrP.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg