Liv Randi Bjørlykke

Artikkelstart

Liv Randi Bjørlykke har arbeidd som journalist og lærar. Ho er ein kjend kåsør med humoristiske betraktningar frå eit tilsikta konservativt bygdeperspektiv. I kåseria har ho har mellom manna gitt uttrykk for lengt etter mannfolk med fiskeslo i barten i møte med 1990-talets mjuke menn.

Bjørlykke debuterte med Årbok frå folkedjupet: kåseri for folk som tenkjer i 1983 og har så langt gitt ut sju samlingar. Somme av dei er lagde i munnen på bygdedama Bø-Laura, i andre snakkar ho i første person.

Ho har også skrive bøker om misjon (Der brunosten sveittar, 1988) og gjeve ut fleire intervjubøker med sentrale personar i lekmannsrørsla. I 1990 gav ho ut barneboka Legge oss, nei!.

Bjørlykke fekk Sunnmøre Mållag sin målpris i 2014.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg