Lisbeth er eit kvinnenamn. Det er samantrekt form av Lisabeth som i sin tur er ei kortare form av Elisabeth.

Namnet har fleire variantar: Lisabet, Lisabeth, Lisbet, Lisbeth, Lisebet, Lisebeth, Lissbeth, Lizbeth.

Personar med namnet Lisbeth

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Lisbeth

Eit utval personar med namnet Lisbeth, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 619 kvinner i Noreg som hadde Lisbeth som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava usamansette kvinnenamn med ending på konsonant var mest brukte innanfor tidsrommet 1900–1959, til dømes Agnes, Birgit, Bodil, Edel, Ellen, Kirsten og Sissel. Lisbeth var på topp 1955–1964 og kom dermed delvis inn under hovudperioden 1900–1959. Lisbet er mykje mindre brukt enn Lisbeth, og stavemåten med -[th] til slutt i Lisbeth kan forklarast på bakgrunn av den fullstendige forma Elisabeth som er brukt 17 gongar meir enn Elisabet.

Utvikling i bruk av namnet Lisbeth frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Lisbeth frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg