Faktaboks

Linnea Myhre
Fødd
16. april 1990, Molde, Møre og Romsdal
Linnea Myhre.
Av /Tiden Norsk Forlag.

Linnea Myhre er forfattar, påverkar og tidlegare bloggar. Ho er ei viktig stemme for sin generasjon og eit førebilete for mange unge med sine ærlege tekstar om psykisk helse, eteforstyrringar og kroppspress.

Bakgrunn

Linnea Solli Myhre er fødd i Molde i Møre og Romsdal. Ho gjekk Molde vidaregåande skule i 2006–2009. Myhre er ei viktig stemme for sin generasjon. Ho er eit førebilete ved å vere direkte og ærleg om psykisk helse, eteforstyrringar og kroppspress.

Blogg og sosiale media

I 2006 oppretta Myhre ein blogg, og ho fekk raskt mange lesarar. Her skreiv ho om eigne personlege utfordringar, ikkje minst om korleis det er å leve med eteforstyrringar. Trass i at ho var ein av dei mest lesne bloggarane, med 30 000 daglege lesarar, la ho ned bloggen i 2012. Ho opna bloggen igjen i 2016, men då med meir sporadiske oppdateringar.

Myhre var ei sentral røyst blant den første generasjonen av bloggarar, og då blant dei mest leste i samtida. Myhre er framleis ein aktiv samfunnsdebattant, og blogging er eitt av temaa som ho uttalar seg om offentleg. Ho er òg ein viktig påverkar for norsk ungdom gjennom kontoane sine på Instagram og YouTube. Myhre arbeider òg med fleire populære podkastar.

Forfattarskapen

Myhre skriv seg inn i ein biografisk romanstil. I 2012 gav ho ut den sjølvbiografiske dagbokromanen Evig søndag. Boka følgjer Linnéa Myhre gjennom eit år, der ho skildrar eit liv med depresjonar og eteforstyrring. Eit viktig motiv i boka er korleis Myhre erkjenner at ho treng hjelp, og lesaren får vere med i møtet hennar med psykiatrien. Hausten 2019 vart teaterframsyninga Evig søndag sett opp på Teatret Vårt i Molde.

Brevromanen Kjære (2014) handlar om kor viktig det er å verte likt og sett av dei rundt seg. Myhre krinsar rundt korleis det er å leve med eteforstyrring. Romanen Hver gang du forlater meg (2016) handlar om sjølvoppteken kjærleik og kjærleikssorg. I 2019 kom Meg, meg, meg. Hovudpersonen i romanen prøver å finne seg sjølv i ei tid og eit samfunn der jaget etter det vakre og sunne har teke overhand.

Boka Gi meg alle detaljene (2021) tek føre seg ulike kjendishistorier frå starten av 2000-talet, og skil seg på denne måten frå resten av utgjevingane både i form og innhald. Myhre har òg laga ein podkast med same namn og tema.

Utmerkingar

Myhre vart kåra til årets beste bloggar under bransjearrangementet Vixen Blog Awards i 2011. I 2012 fekk Myhre Tabuprisen frå Rådet for psykisk helse for boka Evig søndag, og Hver gang du forlater meg vart kåra til Årets bok hos ARK i 2016.

Bibliografi

  • Gi meg alle detaljene (Vega forlag, 2021)
  • Meg, meg, meg (Roman, Tiden, 2019)
  • Hver gang du forlater meg (Roman, Tiden, 2016)
  • Kjære (Roman, Tiden, 2014)
  • Evig søndag (Roman, Tiden, 2012)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg