Linn er eit kvinnenamn som kan vere kortform av namn på -lin (f.eks. Ingelin og Irmelin) eller kortform av det svenske Linnea. Linn kan også vere ein variant av det engelske Lynn.

Namnet har fleire variantar: Lin, Linn.

Namnedag er 13. mai. Linda og Line har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Linn

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, kan ha vore syforretning Linn Gundersen fødd 1866 i Nedre Eiker (Buskerud), busett i Drammen i 1900. Ho var døypt Karoline, og det er usikkert når kortforma Linn vart tatt i bruk på henne.

Kjende personar med namnet Linn

Eit utval personar med namnet Linn, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 9 421 kvinner i Noreg som hadde Linn som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Linn var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 9 jenter som fekk namnet Linn.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste namna med berre éi staving er nordiske. I tillegg til Linn gjeld dette til dømes Aud, Bjørg, Gerd, Gro, Gry, Gunn, Siv og Unn. Dei fleste har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1935–1974. Linn derimot nådde toppen seinare, og i 1982 låg det på 4. plass på ranglista for jentenamn. Tidlegare var Linn svært lite brukt. Det er truleg Linn Ullmann (fødd 1966) som har inspirert til oppsvinget frå slutten av 1960-åra. Ho hadde eigentleg namnet Karin Beate. Namn på kjendisbarn kan bli populære, og foreldra hennar var berømte: Liv Ullmann og Ingmar Bergman.

Utvikling i bruk av namnet Linn frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Linn frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg