Line er eit kvinnenamn som er kortform av namn som endar på -line, til dømes Karoline og Pauline.

Namnet har fleire variantar: Lina, Line, Linne.

Namnedag er 13. mai. Linda og Linn har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Line

Kulturell bruk

  • Romanen «Line» (1959) av Axel Jensen, filmatisert i 1961.

Kjende personar med namnet Line

Eit utval personar med namnet Line, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 10 229 kvinner i Noreg som hadde Line som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Line var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 14 jenter som fekk namnet Line.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste kortformene på -ina var mest brukte i 1870-åra. I tillegg til Lina gjeld dette Dina, Gina og Mina. Alle desse fire namna fekk ein ny topp rundt år 2000. På 1800-talet var dei klart meir brukte enn parallellformene på -ine (Line, Mine og fleire), sjølv om til dømes Lina og Mina var laga til dei dominerande fullformene på -ine, til dømes Karoline og Wilhelmine. Mens Lina var på topp 1870–74, vart Line eit populært namn frå 1960-åra, og i 1975 var dette namnet nummer 9 på ranglista. Det er utan tvil romanen «Line» (1959) av Axel Jensen som ligg bak den bratte stigninga utover i 1960-åra. Boka vart filmatisert i 1961.

Utvikling i bruk av namnet Line frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Line frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Line på 1800-talet.

Line var klart mest brukt i Vestfold.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Line på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Line var klart mest brukt i Vestfold.

Historisk bruk av namnet Line
Historisk bruk av namnet Line
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg