Faktaboks

Innbyggjartal
1399 (SSB, 2023)
Landareal
1,1 km²
Tettstadsnummer
5241 Lindås

Lindås er ein tettstad i Alver kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,1 km², og har 1399 innbyggjarar (2023).

Tettstaden ligg ved fylkesveg 57 over Lindåshalvøya og har ein del nyare busetnad, mellom anna for tilsette ved raffineriet på Mongstad.

I tettstaden ligg Lindås kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1865 med døpefont i kleberstein frå rundt 1200.

Namnet er opprinneleg namn på prestegarden, av lind og ås.

Kart

Lindås
Lindås
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg