Linda

Linda er eit kvinnenamn som er tysk kortform av namn som endar på -linda, til dømes Rosalinda og Belinda. Etterleddet -linda går tilbake til gammalhøgtysk lindi som tyder ‘bøyeleg, mjuk’ (jamfør adjektivet linn i norsk).

Til Norden har namnet truleg komme via engelsk.

Namnet har fleire variantar: Linda, Linde, Lynda.

Namnedag er 13. mai. Line og Linn har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Linda

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Linda Sofie Bull fødd 1847 i Sem (Vestfold).

Kjende personar med namnet Linda

Eit utval personar med namnet Linda, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 14800 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Linda som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bakken, Kristin 2002: [Julian], [Tekla] og [Linda] – tre navn fra Henrik Ibsens Sancthansnatten (1853) vurdert i lys av samtidig kontekst: I: Tove Bull, Endre Mørck og Toril Swan (red.): [Venneskrift til Gulbrand Alhaug]. Tromsø.[/li][li]
  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg