Lindås (tettstad)

Artikkelstart

Lindås er ein tettstad i Alver kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1 km², og har 1338 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
1338 (SSB, 2020)
Landareal
1 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
5241 Lindås

Tettstaden ligg ved fylkesveg 57 over Lindåshalvøya og har ein del nyare busetnad, mellom anna for tilsette ved raffineriet på Mongstad.

I tettstaden ligg Lindås kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1865 med døpefont i kleberstein frå rundt 1200.

Namnet er opprinneleg namn på prestegarden, av lind og ås.

Kart

Lindås
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg