Lilli er eit kvinnenamn. Det er ein variant av Lilly som er engelsk kjæleform av Elizabeth.

Namnet har fleire variantar: Lili, Lilli, Lillie, Lilly, Lily.

Kjende personar med namnet Lilli

Eksempel på ein person med namnet Lilli som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 683 kvinner i Noreg som hadde Lilli som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 23 jenter som fekk namnet Lilli.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for variant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Lilly og Lilli slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Dei engelske tostava kvinnenamna på -y var mest populære i perioden 1915–1924. I tillegg til Lilly gjeld dette til dømes Mary, Anny, Nelly, Henny, Kitty, Elly og Nancy. Varianten Lilli var på topp litt tidlegare (1895–99).

Utvikling i bruk av namnet Lilli frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Lilli frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lilli på 1800-talet.

Lilli var – til liks med Lilly – klart mest brukt i Kristiania og Bergen. Nye kulturimpulsar frå utlandet fekk fyrst innpass i byen, og dette gjeld også mange utanlandske namn, til dømes Lilli.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lilli på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Lilli var – til liks med Lilly – klart mest brukt i Kristiania og Bergen. Nye kulturimpulsar frå utlandet fekk fyrst innpass i byen, og dette gjeld også mange utanlandske namn, til dømes Lilli.

Historisk bruk av namnet Lilli
Historisk bruk av namnet Lilli
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg