Lillen

Artikkelstart

Lillen er eit kvinnenamn som kan vere laga til adjektivet lille.

Formelt knyter dei seg til ei gruppe kjælenamn som endar på -en, til dømes Bitten, Liven, Lisen og Minken.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Lillen som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg