Faktaboks

Innbyggjartal
2491 (SSB, 2023)
Landareal
2,1 km²
Tettstadsnummer
4102 Liknes
Liknes i Kvinesdal.
Liknes i Kvinesdal.

Liknes er ein tettstad i Kvinesdal kommune i Agder. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,1 km², og har 2491 innbyggjarar (2023).

Liknes er administrasjonssenter i Kvinesdal kommune, og ligg ved munninga av Litlåne i Kvina 25 km aust for Flekkefjord. Kvinesdal kirke i Liknes er ei åttekanta tømmerkyrkje reist i 1837 etter teikningar av slottsarkitekt Linstow. I Liknes er det også eit utvandrarmuseum og eit monument over utvandringa til Nord-Amerika.

Like aust for tettstaden ligg det kristne senteret Sarons Dal (Troens Bevis Verdens Evangelisering).

Kart

Liknes
Liknes
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg