Lidvin Osland

Faktaboks

Lidvin Osland
Lidvin Magnus Osland
Født
7. januar 1937, Gaular (no Sunnfjord), Vestland

Artikkelstart

Lidvin Osland er geolog og tidlegare direktør i Norsk kulturråd og fylkeskultursjef. Han har utmerkt seg som ein særleg kreativ og engasjert byråkrat som har gått i brodden for ei rekkje nye tiltak innanfor kulturlivet, og som har utfordra grensene for folkevald styring.

Lidvin Osland er fødd i Gaular og er oppvaksen i Høyanger. Etter examen artium ved Firda Gymnas i 1957 utdanna han seg til cand.real. med geologi som hovudfag ved Universitetet i Bergen i 1967. Han arbeidde i 1970–1972 som statsgeolog, i 1972–1975 som museumslektor ved Universitetet i Tromsø, og i 1975–1979 som leiar ved Tromsø Museum. Den fremste rolla har Osland likevel spela som kulturbyråkrat, som fylkeskultursjef i Sogn og Fjordane 1978–1993 og 1996–2004, og som direktør i Norsk kulturråd 1993–1996. Frå 2004 til 2007 var han spesialrådgivar i fylkeskommunen, mellom anna med oppgåver knytte til internasjonalisering og reiselivssatsingar. Han har hatt fleire verv knytte til dette feltet, mellom anna som nestleiar i Nordisk samarbeidsgruppe for kultur og helse og som medlem i Utanriksdepartementet og Handelsdepartementet sitt kultureksportutval.

I si tid i Kulturrådet arbeidde han særleg for å få til ei kopling mellom kultur, næring og reiseliv.

Mange av kulturinstitusjonane i Sogn og Fjordane vart etablerte i Osland si tid som fylkeskultursjef, med han som fødselshjelpar, mellom anna Fylkesgalleriet, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, distriktsmusikarordninga, teaterbåten «Innvik» og Nordisk kunstnarsenter.

Osland har hatt ei rekkje sentrale tillitsverv i norsk kulturliv, mellom annan som styreleiar for Rikskonsertane, Statens museumsråd, Norsk kulturskuleråd, Norges Husflidslag og det norske styret for International Councils of Museums.

I 2006 fekk Osland tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Trond Ueland og Georg Arnestad (red.): Lidvin – rett og slett. Førde 2007

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg