Faktaboks

Liaoyuan
kinesisk: 辽源 Liáoyuán

Liaoyuan er ein by i Kina, i provinsen Jilin, ved Dongliaohe-elvas øvre laup, 105 kilometer sør for provinshovudstaden Changchun.

Byen har 1 172 400 innbyggjarar (2021). Det er ein viktig grue- og industriby med store kôlgruver og varmekraftverk. Liaoyuan har elles produksjon av gjødningsstoff og andre kjemikaliar, gruveutstyr, papir, bomullstekstilar med meir. Kôlbrytinga går tilbake til 1911.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg