Liam er eit mannsnamn som er irsk kortform av William.

Namnedag er 9. oktober. Leif har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Liam

Eit utval personar med namnet Liam, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 572 menn i Noreg som hadde Liam som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 282 gutar som fekk namnet Liam, og det var det sjuande populære gutenamnet dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Desse engelske namna fekk toppfasen sin rundt år 2000: Robin, Kevin, Dennis, Liam, William og Oliver. Dette står i motsetning til dei fleste engelske mannsnamna, for dei var på topp tidlegare, til dømes Henry, Harry, Willy, Johnny, Edmund, Frank, Roger, Roy, Freddy, Ronny, Tommy og Kenneth.

Utvikling i bruk av namnet Liam frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Liam frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg